Back to All Events

BYGDALAURDAG 2.september

Bygdalaurdag på Vangen med kombinasjon av buer, brukthandel og aktivitetar.

Denne laurdagen er det Vossadagen, dagen der Frivillige lag og organisasjonar skal visa fram seg og aktivitetane sine. Vossadagen er eit samarbeid mellom Voss herad, Voss Sentrum og frivillige lag. Vossadagen er ope for alle frivillige lag og organisasjonar og det er gratis å delta med stand.

Det vert lagt til rette for stands og aktivitetar på Torget og i Vangsgata. I utgangspunktet får alle tildelt eit område på ca. 3x3 meter. Dersom det er nokon som har spesielle ynskjer om plassering, eller ynskjer større plass, skriv dette i påmeldingsskjemaet. Me reknar med det vert mange besøkjande og mykje aktivitet på Vangen denne dagen. Det er veldig kjekt viss alle som deltek med stand legg opp til aktivitetar som kan bidra til at det vert ein minnerik dag for både unge og eldre.

Påmeldingsfrist er 25.august. Seinast onsdag 30.august vil de få tilsendt kart over kven som er med og kvar ein skal stå.

Har du spørsmål til arrangementet kontakt kristina.finne@voss.herad.no / tlf.91142633

Bygdalaurdag er ope for alle, og det er kun ein symbolsk sum for å delta med salgsbod. Gratis for frivillige lag og organisasjonar, og medlemer av Voss Sentrum.

MEIR INFORMASJON OG PÅMELDING HER

Previous
Previous
August 26

BYGDALAURDAG 26.august

Next
Next
September 30

SMALAHOVESLEPPET - Torgdag