Iain McQuirk - engelskmannen som blei værande.

“For as long as I can remember, from my childhood, I’ve always loved the outdoors. Mountains, valley, rivers, it’s just something that stirs emotions deep inside of me”.

Iain er 71 år, fødd og oppvaksen i Blackburn, England – ein tekstilby 35 km nordvest for Manchester.

«Da eg var 15, begynte eg å klatre. I dei kommande åra tilbrakte eg dei fleste helger i det engelske Lake District. Landsbyen Keswick var min andre heim. På den tida gjorde du som din far fortalte deg: å studere vitenskap, matte og fysikklære er for gutar, mens språk og kunst var for jenter. Samfunnet forventa at eg skulle møte ei jente i 18 årsalderen, forlova meg når eg var 20, gift som 22, og ferdig settla med born ved fylte 25 år! Ah kor kjedelig, livet mitt var over! Dette var absolutt ikkje slik eg førespegla mitt liv og mi framtid – litt rebelsk som eg var. Men så skjer det at i 1967 dør far min. Eg var 20 år gammel og måtte innrømme at for fyrste gong i mitt liv kjende eg på ein ny følelse; Frihet!
Fire måneder seinere slutta eg i jobben min og saman med ein kamerat kjøpte eg ein Land Rover og for avgårde til Grenoble der det var olympiske leiker. Dette var i 1968. Deretter reiste me til Chamonix, der eg prøvde meg på ski for fyrste gong. Dette ville eg! Ski var livet! Fire måneder i Frankrike var nok, spesielt når ein har problem med språket. Eg har alltid hatt lese og skrive vansker (dysleksi) når det gjeld å lære språk.

På slutten av 60-tallet var det skotske skianlegget Aviemore i Cairngormfjellene i rask utvikling. Ski vart ein sport for allmennheten. Her vaks det fram 10-12 skiskuler frå ulike land og det kunne være opptil 6000 skiløpere på en solrik laurdag.
Bestemt for å lære å stå på ski, fekk eg meg jobb hjå Scottish Norwegian SkiSchool, som eigdes av Eilif Moen frå Trondheim. Min jobb var å drive skiutleige i Strathspey Hotel, eit eksklusivt 5-stjerners hotell. Det var mykje fritid og dette gav meg massevis av fritid og tid til å stå på ski.
Den store draumen var å flytte til Canada med store, tomme områder og massevis av plass. England var overfylt med bygninger og hus tett i tett. Omtrent som Norge i dag. Men det var for dyrt å reise til Canada og eg hadde ikkje råd til dette.
Etter to vintre hjå Scottish Norwegian Ski School fekk eg erfare at nesten alle i Norge snakka engelsk og dette var viktig for meg som har språkutfordringer, så det vart eit naturleg val, og Voss var den destinasjonen som lå nærast Bergen. Då vart det slik at eg pakka sakene mine og bestilte meg billett med båten frå Newcastle til Bergen. Dette var i november 1970.»

Iain spaserte fyrste gong gjennom Vangsgato i lang frakke og med ski på skuldrene i november 1970. Folk stoppa opp og studerte og lo av denne engelskmannen som kom vandrane gjennom bygda med ski i november – snøen var så vidt komen. Uten mål og meining havna Iain på Vang Pensjonat – der han leigde rom. Det vart hyppige besøk på Jarl Hotel og mykje fest og moro, humrar Iain når han minnes desse tider. I løpet av 14 dager var det nesten tomt for penger og han innsåg at han måtte finna seg jobb. Han fekk arbeid hjå Voss Skiutleige.

Alt gjekk på skinner og livet som engelskmann på Voss var bra. Men der var nokre kulturelle forskjeller som han støtte på og det dukkar opp ein episode som han ler godt av; «Etter mitt opphald på Vang Pensjonat fekk eg bu hjå ein familie ein periode medan eg leitte etter hybel. Og det var under ein av dei fyrste frukostane eg inntok hjå familien at denne hendelsen skjedde. Eg laga meg ein sandwich – på engelsk vis, der du har to brødskiver med all slags pålegg mellom, og ganske mykje pålegg – meir pålegg enn brød faktisk. Eg var så opptatt av å lage denne sandwichen at eg registrerte ikkje tilskuermassen rundt meg. Men i det eg opna munnen og skulle til å ta eit tygg, såg eg rett inn i dei sjokkerte augene til husvertane mine. Eg forsto kjapt at det ikkje var slik ein inntok frokost i Norge og at familien var bekymra for at eg skulle eta dei ut av huset»

Ellers minnes han godt venegjengen han etterkvart fekk seg. Dei gjekk ofte på Vangen Kafe og åt middag og det som var spesielt og nytt for Iain var at når dei bad om å få påfyll kom det alltid 2-3 poter som skulle fylla opp.

Iain var imponert over norske damer; dei gjekk på gymnastikk og symjing og var veltrente og naturlige. Han var van til engelske damer og dei var rake motsetningen. Iain har eit kallenavn som han synes høver bra på dei “Creamcakes”.

Det vart dyrt å bu på pensjonat så han prøvde lenge å få seg hybel og fekk til slutt napp. Gjennom felles bekjente vart han innlosjert hjå Sam og her budde han frå 1971 – 77. Dette vart også starten på eit langt og godt venskap. Han snakker om Sam som ein snill og god mann som alltid tenkte på andre.

Kvar vinter i 6 år kom Iain til Voss for jobba på fjellet. Når våren nærma seg reiste han tilbake til England for å tilbringe sommaren. Etter å ha jobba eitt år hjå Voss Skiutleige opna det seg ei mogelegheit som instruktør. Han begynte med det som dei då kalla «snøploging» instruktøren– som var heilt på nybegynnar stadiet. Så avanserte han for kvart år og vart etterkvart ein dyktig og anerkjent innstruktør hjå Voss Skiskule.

I 1977 bestemte han seg for å bli på Voss gjennom heile året og hadde sin fyrste sommar i bygda. Dette minnes han som ei kjekk tid med flott sommarvær og mykje moro med vener og kollegaer. Frå og med -77 vart han værande på Voss og hadde ulike jobbar for å tjene til livets opphald. I -78 som nattevakt på Park, i -80 sommerhjelp hjå Intersport, og nokre år som nattevakt på Hotel Jarl.  Men i  1985 fekk han sommarjobb som guide for Norwayin a Nutshell, og det var ein ny erfaring han trivdes godt i – sosial som haner.

Mor til Iain – Connie – som var veldig kjær for han, besøkte Iain på Voss fleire gonger. Ho var med på Afterski på Fleischers og synes det var stas og moro. Eit år kom ho til 17. maifeiringa. Denne dagen synes ho var så utruleg flott med tog og bunader, taler og musikk og det vart både latter og tårer. I 1988 Connie dør 78 år gammel og det er tungt for Iain. Han er eineborn og har ingen sysken.

Som 39 åring finn Iain «sitt kall» eller som han seier “I found religion” - nemleg ein Apple Macintosh. Han las alt han kunne finne om denne og lærte seg sjølv det som var verdt å kunne. Han tok ekstrajobb som nattevakt på Jarl Hotel, dette var i tillegg til å guide på dagtid. Han sparte seg opp 25.000,- og reiste tilbake til England og kjøpte sin fyrste Mac.

Nokon år seinare starter Iain opp eiga bedrift med kun ein Mac – dette var i 1985. Han produserte markedsmateriell for ulike bedrifter, blant anna Hardangerguiden i 8 år, Vossapin, Voss Guide mm.I 10 år dreiv han på for seg sjølv men det vart etterkvart tøft å drive forretning på eigen hånd, manglende oppdrag og dårlig økonomi førte til at han var deprimert, inneslutta og hissig.

«Ein dag kom Einar Raa Nilsen og spurte om eg kunne instruera ei gruppe engelske skuleborn på ski. Eg var motvillig, men Einar har ein eigen evne til å overtale folk så eg gjekk omsider med på dette. Eg hadde ikkje stått på ski i det heile tatt denne vinteren og bestemte meg for å friske opp litt i gamle kunster. Det var søndag, dagen før eg skulle inn som instruktør for den engelske skuleklassen. Det var ein flott dag med fantastiske forhold og eg nytte dagen. Men på den siste turen min skjer det; Eg kjem nederst i Bavallen og der på den flate strekninga mister eg kontrollen og køyrer rett inn i nokre tre.

Når eg ser tilbake på denne ulykka lurer eg på om den redda livet mitt. Hendelsen endra i hvert fall alt i mitt liv til det bedre. Tre brudd, to operasjoner og 18 månader med rekonvalens.»

Og det var då det skjedde at han endeleg vart “discovered”! I 1998 fekk han eit jobbtilbod hjå Sylvsmidja som han takka ja til. I 13 år laga han reklamemateriell for dei der han mellom anna laga produktkatalogen, nettsida og tok bilete av alle produkt. Ting gjekk nok ein gong bra for Iain.

«Hjå Sylvsmidja var eg heldig å kunne ta ferie om vinteren og no når eg hadde god økonomi ville eg ut i verden og stå på ski. Frankrike, Italia, Sveits – eg sto på ski i alle kroker der dei hadde gode skiforhold.

Det fins ein draum felles for alle aktive skiløpere, nemlig Heli-Skiing, himmelrike for oss skientusiaster!
Det fyrste møtet med Heli-skiing var på Voss tidleg på 80-talet med British AirCorps. Ved ein anledning organiserte eg tur til Horndalsnuten for 30 personer. Då hadde me to turer med ein RAF Puma - det vart ei fantastisk oppleving og alle var overvelda fordi om det var litt kaotisk og ikkje heilt etter boka. Idet me gjekk ut av helikopteret – på toppen av eit fjell, var det ein reell fare for at nokon kunne enda opp med ei ski inn i rotorene.

Så fekk eg anledning til å reisa til Canada – the best of Heli-skiing. Og ein ting eg fekk erfara på denne turen til Canada var pudder, skikkeleg pudder. Og det har me ikkje på Voss som eg og andre trudde. Dersom du vil ha “the real thing” må du til Canada og The Rockies.
Det er eit selskap som står fram som ein legende innan heli-skiing - CMH(Canadian Mountain Holidays). Grunnlegger Hans Gmoser var far til heli-ski og CMH er best!
Eg har vært på heli-ski 4 gonger - alle i Canada der to av turene var med CMH. Cariboosi 2004 og Bobbie Burns i 2005. Bobbie Burns var mest minnerik med 3 dager med snø over kneet og 11 500 meter vertikalt kvar dag, 60 000 meter i veka. Sett dette i eit anna perspektiv så får me 8 turer kvar dag frå toppen av Lønahorgi.
Iain har alltid levd eit sparsommeleg liv og ikkje brukt meir enn nødvendig ogsat difor godt i det.

«Dagen kom når tida var inne til å bruke litt av mine oppsparte midler. Eg tok ut tidleg pensjon i ein alder av 62 år og ville ut og sjå verden. Eg valde ein av dei mest økonomiske og spennande alternativene til å reise rundt og utforske verden med “overlanding”. Ombygde lastebiler som vel køyreruter som ikkje er av dei mest traffikkerte og brukte rutene.

Alle desse turene involverer camping og Iain bestemte seg for å begynne med ein 17 dagers komfortable camping tur til Nambia. Turen var heilt fantastisk! I Nambiabesøker han ein Himba landsby som er ei etnisk folkegruppe på mellom 30.000 og 50.000 som lever nord i Nambia. Vidare går turen til Epupa Falls, Baobab Tree og andre spennande stader.

I 2012 var det tilbake til Afrika; Kenya, Uganda, Rwanda, Tanzania, Malawi, Zimbabwe, Botswana, Nambia og Sør Afrika, på en tre måneders tur. Han opplever ville dyr som løver, sebra og fjellgorilla, og møter folk med ulike språk, kulturer og tradisjoner.

I 2014 var det Silkevegen som sto for tur – gjennom Turkia, Georgia, Armenia, Azerbaijan, Turkmenistan, Uzbekistan, Kyrgystan og Kina. I tre månader var han på reise gjennom desse landa.

Og siste tur var i 2015 til Sør-Amerika i seks månader. Ferden gjekk frå Argentina, gjennom Chile, Brazil, Peru, Colombia, Ecuador og endte i Bolivia.

Gå inn på www.quirkontour.com og se på alle de fine bildene.

«Desse turane til det ganske utland gav meg eit veldig realistisk syn på korleis menneskeheten øydelegger planeten vår. Miljøet er ikkje det virkelege problemet! Det er overbefolkning!

Fire dager etter at eg kom heim frå Sør-Amerika var planen at eg skulle foreta ein kneoperasjon med time på sjukehus og alt klart. Då eg var på forundersøking fann dei noko som ikkje stemde og eg vart diagnostisert med kreft. Heldigvis var det operativt og i juli gjekk eg gjennom ein vellykka operasjon. Deretter var det kneet sin tur som tok nye 18 måneder, så det er ikkje før i år at eg har følt meg tilbake i normalt gjenge.

Vinteren 2017/18 var flott! Og eg fekk stå meir på ski enn eg har gjort på mange år. Eg var i Mt. Bachelor,Oregon i to veker. Her fekk eg ei av dei beste skiopplevingar nokon sinne og køyrde kulekøyring, noko Voss ikkje har hatt siden tidleg på 80-tallet. Ikkje slike løyper iallefall. Når eg kom heim igjen til Voss var utforløypene så profesjonelt og godt preparert at det vart ei sann glede å stå på ski! Takk til våre to resorter for ein flott vinter.

Denne sommaren har eg gått i dei norske fjell og hadde ein flott tur til Grindaflet for fyrste gong på 10 år. Deretter tok eg 4 dager vandrande i Bergsdalen. Stølsheimen er på lista mi til hausten.
Eg ser verkeleg fram til vinteren og til neste år når den nye gondolen opnes. Dette blir bra for alle; vossingar, Bergensarar, engelskmenn og bygda for øvrig!

Ellers har eg planer om å kjøpe ein Hybrid elektrisk fjellsykkel som er perfekt på Hanguren og løypene der oppe.
Island, Grønland og New York er på lista mi over destinasjoner eg skal besøke i 2019 og eg gler meg!»

Årene har gått og Iain ser lik ut som fyrste dagen han gjekk gjennom sentrum med lang frakk og ski på skuldrene – da var i november 1970.  Haner å rekna som Vossing for dei fleste av oss etter 48 år i bygda vår og er eit kjærkoment tilskudd.    

Me takkar Iain for at han deler si livshistorie her med oss og gler oss til fortsettinga!