Kjell Herheim - Jol og tradisjoner på Vangen

Minne frå jolahandelen.

Far, Christian Herheim (1913-1995), starta eigen fotoforretning i Vangsgata i 1956. Det var etter den tida eg har mine fyrste minne om jolahandelen på Vangen, me budde no heilt oppe i Skulestadmoen. Den pynta Vangsgata var imponerande og det var oftast snø og bitande kaldt. Far utsette alltid innkjøp av eigne jolegåver til veslejolaftan og då var det spanande å prøva finna ut kvar han gjekk. Det største ynskjet var at han skulle gå til Endeve eller Oftedal, nytt sportsutstyr stod alltid høgt på ynskjelista.

Butikkane hadde litt langope før jol på 60-talet og. I 1962 var jolaften på ein måndag og då hadde butikkane ope til 19.00 frå onsdag til fredag i veka før, sundagsope var ikkje oppfunne. Jolaftan stengde butikkane kl.14.00 så det var god tid til jolafeiring heime og.

Jolagrana på Vangen stod før alltid på Sverresplass og opninga var i samarbeid med Voss Samvirkelag og Voss Næringssamskipnad, og med musikk av Frelsesarmeen. Ville folk heller ha folkemusikk så spela Sigbjørn Osa på radioen 1.desember 1968 kl.17.00, samstundes med jolagateopninga.

Fram til 1968 hadde det vore berre ei gudsteneste i kyrkja på jolaftan, men det var overfullt kvart år. Så i 1968 vart det halde gudsteneste både kl.15.00 og kl.16.10, så vart det plass til alle. Dette året heldt prest Øyvind Øy båe preikene.

Eg byrja i butikken i 1972 og vart sjølv ein del av jolahandelen på Vangen. Eg minnest godt at det «alltid» var iskaldt på fingrane når ein sette ljos på jolatreet på fortauga dagen før jolagateopninga, men det måtte gjerast. Hugsar og eg var med på dugnad i Næringssamskipnaden med å køyra ut betongklossane for jolatrea. Som no var ikkje alle butikkane medlemer. Kjell Hansen og eg hadde slite hardt og plassert to klossar utafor ein butikk i Uttrågata og då me var ferdige for dagen fekk me ein arg butikkeigar på telefonen, han var slett ikkje medlem og skulle ha steinane fjerna snarast takk.

Sundagsope fekk me for fyrste gong 1.desember 1988, frå kl.16.00 til 19.00 og 34 butikkar var med. No var Voss i Sentrum etablert med Bosse Arvidsson som inspirator og Kåre Loven som styreformann. I reportasjen i Hordaland på tysdagen etter ser ein at butikkar selde for like mykje på tre timar sundagen som heile laurdagen, så dette var nytt og spanande både for kundane og butikkane. Frå annonsane i Hordaland ser ein at Dyrdal Matsenter i Uttrågata hadde pinnesider frå slaktar Hommedal til berre 99,- pr.kg og gullsmed Oddvar Hole reklamerte med stort utval av diamantar! Elles var annonsane «snillare» på denne tida, det var viktigare med «gode» og «nyttige» varer enn priskrig.

Sundagsope vart no vanleg frametter med ein sundag i desember. Protestar hugsar eg kom då ein og skulle halda ope på «skitnesundag», siste sundagen før jol. Men alt er nok annleis no.

Ei hending frå jolahandelen på 1990-talet gløymer eg ikkje. Nabobutikken fekk uynskt vitjing ein travel laurdag. Mannen tvang seg innom disken og tømde kassen for setlar og sprang det han kunne ut i gata. Men butikkeigaren sprang etter og fekk tak i mannen, folk hjelpte til og pengane kom til rette. Det var enno lite kortbruk på den tida, så kassene måtte ofte tømast i løpet av dagen og. Desember var for dei fleste butikkane beste salsmånaden i året, kanskje det er slik enno.

Med ynskje om god jolahandel for butikkane på Vangen og gode opplevingar for kundane.

Kjell Erik Herheim
Kjelde: Avisa Hordaland.