Voss Sentrum er ein medlemsorganisasjon for bedrifter på Voss. Me er opptatt av å vareta eit levande sentrum og for å tilby eit breitt utval av varer og tenester til våre fastbuande og tilreisande.
 

Eit gamalt ordtak seier at «verdi e vid men Voss er vidare» Dette gjenspeglar seg i aller høgaste grad i bredden du finn i Voss sentrum. Eit rikt, mangfoldig utval av varer og teneste, det er nok å finna på sjølv om du ikke har noko interesse for sport enten den er ekstrem eller ordinær. På Vangen kan du slentra, tenka store tankar eller ikkje i det heile. Ta inn over deg stemninga av eit samfunn med inspirasjon frå heile verda. Tradisjon og innovasjon gjeng godt saman her. Du kan nyta opptil fleire serveringstader og både lokal, regional og kontinentale smakar kan du finna. Lika sjølvsagt som lefse og smalahove finn du pad thai og biff med bearnaise.  

 
Nemnte me drikkevarene? I verdsklasse, både når det gjeld utval og smak. Vossakveiken byrjar å bli viden kjent. Me gjer gjerne tinga litt annleis på Voss, det er kanskje ein av dei kvalitetane som gjer oss gode? Klesbutikkar, matbutikker, spesialbutikker. Sportsartiklar, blomar og kunst. Store og små, hand i hand for å gje både fastbuande, tilreisande og turistar ei best mogleg oppleving.