Myrkdalen

Opningstider

Kontaktinfo

47 47 16 00 post@myrkdalen.no

Nettstad

http://myrkdalen.no

Myrkdalen Fjellandsby - frå jordbruk til ein destinasjon med skianlegg, hotell, skiskule, skiutleige, sportsbutikk og ca 600 fritidsbustader på 15 år!

 

I januar 2003 opna me vårt fyrste skitrekk. På den tida stod dei lokale damene for heimelaga mat i brakkeriggen like ved parkeringsplassen. Skiutleiga fann ein vegg i vegg, og skiskulen på benken utanfor. Det fyrste året var miljøet så lite at dei fleste var på fornamn med kvarandre – både tilsette og gjester.

 

Då sesongen vart oppsummert for selskapet sine ni tilsette vart det presentert storstilte planar for den vidare utviklinga. Med ein heilskapleg plan i botn var strategien å bygga stein på stein og presentera noko nytt kvart einaste år.

 

Dei store milepælane har sidan den gong vore Myrkdalsstovo (2006), Kari Traa-trekket (2007), Myrkdalsekspressen (2008), Myrkdalen Hotel (2012), Storhaugekspressen (2014), Mikkel og Mikkeline trekk i barneområdet som dobla kapasiteten (2016) og Torggarden , nytt leilegheitsbygg vis-à-vis Myrkdalen Hotel med 21 leilegheiter og Myrkdalen Sport og Skiutleige (2016).

 

I takt med dette har ein bygd ut om lag 600 hytter og leiligheiter. Det har vore 15 år med rivande utvikling!

 

Framtidsplanane er mange for Myrkdalen Fjellandsby. Neste sentrumsbygg, Kamben, vil ha byggjestart til sommaren 2018.  

 

Administrasjonen til Myrkdalen Fjellandsby har kontor på Vangen, i same lokale som Destinasjon Voss, Næringshagen og andre aktørar.

Alle medlemer