Synsenteret Voss

Opningstider

man-fre 09:00-16:30 torsdag 09:00- 19:00 laurdag 10:00-15:00

Kontaktinfo

56 51 01 01 post@synsenteretvoss.no www.synsenteretvoss.no

Nettstad

Synsenteret Voss finn du i andre høgda, over Coop Extra og Vinmonopolet, ved lyskrysset i Voss sentrum. Butikken opna dørene for fyrste gong i januar 2004, og har sidan den gong vokse både i størrelse og i antal årsverk. Synsenteret sine verdiar er valfrihet, omtanke og kompetanse.

 

Me er no fire optikarar tilsette på Synsenteret Voss, to med mastergrad og to med bachelorgrad, alle med spesialkompetanse innan kontaktlinsetilpassing. I tillegg har me fire flotte damer med oss som butikkmedarbeidarar. Til dagleg jobbar me med å utføra grundige synsundersøkingar, linsekontrollar, tilpassar briller av ulike slag, og kontaktlinser. Ved behov tilviser me direkte til augelege. Spesialfelta våre er barn og syn, arbeidsplassoptometri, tørre auger, svaksynte og spesiallinser. Som autorisert helsepersonell tek me vårt faglege ansvar og føl tett med på forsking og vitenskap innan vårt store og spennande fagfelt.Me er ein sjølveigd og frittståande butikk som høyrer til ei nasjonal kjede, C-optikk. Gjennom kjeda har me felles innkjøpsavtalar og fagleg samarbeid.

 

Velkomen oppom for vidare spørsmål rundt din synssituasjon. Me ser fram til å finne ei god løysing saman med deg!

 

Følg oss gjerne på Facebook: https://www.facebook.com/synsenteretvoss

Alle medlemer