Destinasjon Voss

Opningstider

September man - fre: 09:00 - 16:00 laurdag: 10:00 - 16:00 Oktober/november/desember: man-fre: 09:00 – 16:00

Kontaktinfo

40 61 77 00 info@visitvoss.no Skulegata 14 Miltzowsgate 2, 5700 VOSS

Nettstad

http://www.visitvoss.no

Destinasjon Voss er eit reisemåls- og utviklingsselskap. Hovudoppgåver er å koordinere og marknadsføre reiselivet på Voss samt arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv. Voss har ein ambisiøs plan for reiselivet i perioden fram mot 2020. Med ein sentral plassering i Fjord Norge, og stor satsing på å vidareutvikle vintertilboda, er målet å vere det leiande heilårs reisemålet i Noreg. Om lag 150 verksemder på Voss er medlem av Voss Reiselivsråd der styret er rådgjevande organ for marknadsarbeidet i Destinasjon Voss.

 

Voss Turistinformasjon ligg sentralt til i Voss Sentrum, 5 minutt gange frå Voss Stasjon. Hjå oss får du gratis informasjon om Voss og nærområda, og du kan bruke dei to datamaskinene vi har tilgjengeleg til å søke etter informasjon eller til å skrive ut billettar.

 

I Vossabutikken butikken vår finn du eit rikt sortiment av t-skjorter til både dame, herre og born, hettejakker og huer. Til den turglade kan turkoppen i gummitre eller eit praktisk turhandkle, vera midt i blinken. Kva med ein sekk som du kan ta med i skibakken, eller rett og slett til og frå jobb? Me har og gode drikkeflasker som passar alle, uansett alder. Produkt med Vossautrykk kan vera fine som gåver og ein annleis suvenir frå Voss. Butikken vert jamnleg oppdatert med nye sesongaktuelle produkt.

Du finn oss i turistinformasjonen.

Velkomen inn til oss!

 

OPNINGSTIDER 10. juni – 30. august: Måndag – fredag: 09:00 – 18:00 Laurdag: 10:00 – 18:00 Sundag: 11:00 – 17:00 Resten av året: Måndag – fredag: 09:00 – 16:00 Laurdag: 10:00 – 15:00 Sundag: Stengt

Alle medlemer